Gjerdsvika Guide

Severin
Gjerdsvika Guide

Nabolag

Hidsneset er ein av inngangsporten til den flotte bygda Gjerdsvika, med sine krappe svingar og fyret som står ytterst på Hidsneset og sikra farbar lei for fartøy i leia. Bildet er lånt fra Gjerdsvika.no På hidsneset finn ein sport av fleire vikinggraver langs etter rullesteinsstranda. Hidsneset er ein flott plass å observere storbårene, dersom stormen har besøkt området.
Hidsneset

Sightseeing

Garden er ein viktig del av Sande si kulturarv. Våningshuset frå 1893 ligg i eit tilbaketrekt og naturskjønt område. Hagar med historiske roser omkransar huset, ein tursti slynger seg langs elva, og garden er også startpunkt for turen opp til gapahuken med den vedunderlege utsikta. https://www.brekkegarden.no/
Brekkegarden
19 Myrane

Herøykystmuseum viser fram eldre bygningar og skip med tilhøyre på Sunnmøre. Staden har mykje historie og viser litt av livet på Sunnmøre på 1100-talet. Her kan ein også lese om "Anne med barnet". Meir informasjon om dette får du ikkje her, det må du reise å lese sjølv....
7 Recomendado por los habitantes de la zona
Herøy Kystmuseum
175 Nautøya

Flott besøksgard med masse dyr og aktivitetar for born.
30 Recomendado por los habitantes de la zona
Hakallegarden / Hakallegarden Pet Farm
30 Recomendado por los habitantes de la zona
Flott besøksgard med masse dyr og aktivitetar for born.

Matscene

Velkomen til det kulturelle sjøhuset Adolfbuda. Eit ramsalt fellesprosjekt med rom for mange slags aktivitetar. Huset er velegna både til bryllaup, åremålsdagar, firmafestar og konfirmasjonar for å nemne nokre av bruksområda. Vidare er buda også jamt åstad for ulike konsertar, kunstutstillingar, stand-up og ikkje minst eit uttal sjømatbaserte etegilder. Med utgang frå salen til den store kaia på framsida er buda definitivt eit svært godt alternativ for di neste samkome. Adolfbuda er utstyrt med eit godt kjøken, ventilasjonsanlegg, sitjeplassar til 100 - 140 pers i storsalen eller i mindre målestokk (20-30 pers) andre stadar i bygget. Huset har toalettfasilitetar også for bevegelseshemma og er elles tilrettelagt for at denne gruppa skal kome seg godt i kring i lokalet. http://www.gjerdsvika.no/adolfbuda
Adolfbuda

Fin restaurant i Fosnavåg med god sjømat.
Restaurant Fosnavåg Brygge
15-5 Holmsildgata
Fin restaurant i Fosnavåg med god sjømat.
Fersk mat frå havet, presentert og servert i ei sjøbu frå midten av 1800-talet. Her smeltar ny kokkekunst og moderne design saman med historiske omgivnader frå ei tid der Skotholmen var handelstad og fiskevær. Onsdag og torsdag går båten fra hotellbrygga i Fosnavåg sentrum kl 18.00, retur blir tilpassa måltidet. Fredag og laurdag kl 19.30, retur blir tilpassa måltidet. Send forespurnad på booking@skotholmen.no dersom du ønsker å besøke restauranten andre dagar utover dette.
8 Recomendado por los habitantes de la zona
Kami Skotholmen

Bademoglegheiter

Dersom somaren ikkje skulle slå til har ein eit fantastisk bra alternativ i Sunnmørsbadet i Fosnavåg. 20 minutts køyretur frå Gjerdsvika har ein bølgjebasseng, sklie, bolblebad, elv og varmebasseng.
15 Recomendado por los habitantes de la zona
Sunnmørsbadet Fosnavåg AS
10B Lisjebøvegen
15 Recomendado por los habitantes de la zona
Dersom somaren ikkje skulle slå til har ein eit fantastisk bra alternativ i Sunnmørsbadet i Fosnavåg. 20 minutts køyretur frå Gjerdsvika har ein bølgjebasseng, sklie, bolblebad, elv og varmebasseng.

Consejos para la ciudad

Facilidad para moverse por la casa

Gjerdsvika

Gjerdsvika er ei lita bygd heilt vest på Sunnmøre. Her har Vikingane herja, bønder og fiskarar kjempa mot vèr og vind gjennom århundrer, og landskapet ser ut likeeins. Store fjell omsluttar bygda og står majestetisk som bymurar rundt bygda. Bygda er vend mot vest og gir magisk utsikt mot storhavet, storbårene og flotte solnedgangar. Hovudvegen går rundt heile bukta. Her er det fint å sykle, gå eller jogge seg morgonturar, om ein ikkje synast fjellet kallar tidleg morgon. Gjerdsvika buktar seg flott rundt sandstrand, småbåthamner og naust, med moloar som held storbårene vinterstid ute.
No te pierdas

Bading i sjø

I Gjerdsvika finnast det fleire flotte plassar å bade i sjøen. Sandangerstranda: - Ligg innst i Gjerdsvika og strekkjer seg omkring 300 meter. Finkorna, kvit sand og langgrunt gjer at det blir varmt i sjøen og god plass å boltre seg på land. Lusaskjeret: - Eit lite skjer i sjøen som ein kan gå til ved full fjøre. Her kan ein finne småkrabbar i taren. Hide: - Fine strender mellom berg og stein, rett ut i storhavet. Her kan ein bade i store bølgjer om vèret er rett.
No te pierdas

Kong Arthur spelet

Andre helga i august foregår det store Arthurspelet på Kongsvollen på Sandsøya. 14. og 15. august 2021! http://www.kong-arthur-spelet.no/ Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya, eller Dollsøya, som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familie og personar i alle alderar, difor passar underhaldninga for både born og vaksne med humor på fleire nivå!
No te pierdas

Kajakkpadling i, og rundt, Gjersvika

Sindre Slettestøl driv kursing og utleige av kajakkar og utstyr. Han tek deg også med på tur med kajakk for å sjå området frå sjøen. Sjekk ut sida til "Longs med land" for meir informasjon: https://www.longs-me-land.no/?fbclid=IwAR161kcejucUKki_wntweQXiNw4ZPIt4nBE0xvSuay-mDSxyMNzQG38cEK4 Longs me land" er ei side for kajakk-aktivitet. Er godkjent av Norges Padleforbund til å kunne arrangere: Introkurs, grunnkurs og teknikkurs for havkajakk. Det er også mogeleg å leige kajakk med utstyr. Ta gjerne kontakt om du ønsjer ein "guida" kajakktur i nærområde.